«På Simenstad har drømmene mine blitt virkelighet»

Om husfrua

Kva er det som formar ein og gjer oss til den vi er? Eg har reflektert ein del over bakgrunnen for valga mine og over slik livet vart. Dette vil eg gjerne dele det med deg, men da må eg få skrive på nynorsk, for det er det som er stemma mi.

Heilt sidan eg har var lita jente har eg hatt ei brennande interesse for mat, årstidsskikkar og det å lage i stand til selskap. Barndommen min var i Sør- Fron, der mor og bestemor på Sygard Grytting var mestere i å nytte råvarene og følgje årstidene. Matauk vart samværsforma i familien. Mor og far har ikkje spelt ludo med oss ungane, og er blanke når det gjeld brettspel. Men vi fekk mykje glede ved å sanke bær, frukt, fisk og vilt og få arbeide med gode råvarer. Aldri var eg lykkeligare enn da eg fekk vera åleine og kline på kjøkkenet til bestemor på Sygard Grytting. Og dei sterkaste barndomsminna mine er frå da familien var samla rundt langbordet, gjerne saman med fleire frå nabolaget eller slekta.

Brit, kaffekjelen, hagen, Simenstad gard

Kjærleiken til gamle hus

Foreldra mine hadde stor interesse for historie og byggeskikk. Dørene dei åpna for meg førte til utdanninga som kulturhistorikar, kulturformidling vart den raude tråden i livet mitt.  Kjærleiken til gamle hus sat sterkt i meg, og da eg møtte mannen min, kunne eg kombinere gode kjensler for mann og hus. Gisle var i gang med å restaurere Simenstad gard i Ringaker, som han overtok etter onkelen sin, og det var ikkje småtteri det han hadde tatt på seg. Ja over tretti tak vart det med alle husa i tunet, med husmannsplassar og uteløer. Det var berre å brette opp ermene.

Både Gisle og eg gjekk inn i dette med stor entusiasme. Det vart intense år med restaurering, men vi var begge vokse opp med dette som ein naturleg del av livet. Det kjennes meiningsfylt for oss begge å ha ei livsoppgåve. Det fyrste huset Gisle gjekk i gang med var det sekskanta lysthuset i sveitserstil. Eg vart forelska i både Gisle og lysthuset og falt for at han hadde starta med det huset som ikkje ga noko inntekt, som berre var eit «overskotsfenomen». Det eg likte var at han såg det smykket det vesle hagehuset var for garden. Sjøl seier Gisle at det var lettast å starte med det minste huset.

Simenstad_ sommer,bord og gjester

OL-94 var starten

I fleire år var det helst om vinteren vi ønskte å ha besøk. Garden tok seg best ut høge snøkantar og snø på taka.Da Lillehammer skulle vera vertskap for «De Olympiske vinterleker i 1994», kom vår store sjanse. Dronning Sonja kjente til kulturskattane i Innlandet. Som medlem av Lillehammer Olympiske Komitè foreslo ho at når det nå skulle koma prominente gjestar til Mjøsområdet, burde dei få bu på gardar i staden for hotell.  LOOC kontakta fleire, deriblant oss. Vi tok fram kongefølelsen, men prosjektet viste seg å vera urealistisk.  I ettertid tenkjer vi at for Simenstad, som har mest stuer og salar og lite med soverom , ville nødvendige ombyggingar ført til for store inngrep i dei antikvariske bygningane.

Storfræmen

«Storfræmen», som Gisle kallar det, skulle det bli mange av. Simenstad vart ein del av det såkalla VIP-programmet til LOOC, både før og under OL. I løpet av dei seksten dagane hadde vi middagsselskap for totalt 1390 gjestar. Det mest spesielle var middagen etter åpningssermonien 12. februar, der Kulturminister Åse Kleveland var vertinne for seksti sports- og kulturministre frå heile Europa. Sidan den gongen har  mange privatpersonar og firmagrupper har lagt arrangementet sitt til Simenstad, og vi har fått oppleva meir enn vi kunne drøyme om! OL-94 bidrog til at vi kunne framskunde restaureringsarbeidet og skape arbeidsplass her både for Gisle og meg.

Simenstad_ sommer,bord og gjester

Trang til å vera vertinne 

Frå eg var ung har eg hatt behov for å vera vertinne. Eg må nesten le av meg sjøl når eg tenkjer attende på studietida. På ein knøttliten hybel på Bygdøy, og med berre ei kokeplate og oppvasken på badet, inviterte kollokviegrupper på tre-retters middag der gjestane sat i senga. Kva var det som låg bak dette behovet? Jo, det same da som nå – å kunne kjenne på korleis ei måltidsoppleving skapar fellesskap og glede. Etter OL fortsette restaureringsarbeidet. I dag har vi kome så langt at vi kan invitere gjestane inn i begge dei store hovedbygningane. Taka vi var så skamfulle over er reparert. Den historiske hagen, som var full av brennesle, er tatt fram att, vi har store hageselskap, kan lage fest året rundt, og eg kan vera vertinne på heiltid. 

 

Frøet var sådd

I største delen av den tida eg har budd på Simenstad, har eg hatt jobb utanom garden. Eg rakk å vere lektor, journalist i NRK, hadde jobb inna reiseliv og informasjon og var leiar av det fyrste Prøysenhuset. Eg hadde interessante år, men OL hadde sådd eit frø. Behovet for å dele Simenstad med andre, ta imot gjestar og lage mat med eigen profil, vart sterkare og sterkare. Det skulle gå mange år før draumen om å ha arbeidsplass på garden kunne realiserast. I 2005 tok eg valget, og har ikkje angra ein dag! 

brit, barnedåp, søndagsmiddag, buffet, rondastakk, selskap, Simenstad gard

Garden i finstasen

Den største kjærleiken i verda er kjærleiken til god mat. Det er mykje å lære av «Babettes gjestebud», folk blir snille av god mat, godsidene i oss kjem fram. Mat og atmopsfære gjer noko med oss. For oss som har brukt livet på å ta vare på den gamle garden, er det slik ei glede å dele miljøet med andre,  å sjå garden i pynt, i finstasen. Eg blir aldri lei av å dekke bord, pynte med blomster, vise den vakre dekorasjonsmalinga og flytte folk frå stemning til stemning der kvart rom har sitt liv.

Meininga med livet

Arbeid er dei vaksnes leik, bruker tvillingbroren min å si. Og det er morosammast å leike med andre. Det gir heilt spesielle kjensler når alt er kome i hus om hausten, frukt og bær lagt ned på glass, sett på plass i kjellaren eller i frysaren. Eg trur eg har sterke urbehov når det gjeld dette. Eg trivst med å vera husmor, å ha nokon å ha omsorg for. Til trass for at eg har åtte år på Universitetet, har eg valgt profesjonen å stelle hus og heim. Og på Simenstad får eg brukt heile meg og heile garden. Som husfrue har eg ein nøkkelposisjon med eit stort nøkkelknipe der eg kan låse opp til ei eiga verd med gode opplevingar.

Noko å samlas om

Mor mi var eit arbeidsmenneske det sto respekt av.  Den einaste perioden ho ikkje dreiv med noko ekstra var i syrinblomstringa, som ho støtt gledde seg til. Ho hadde huset i orden, hadde pussa glasa og bakt serinakaker, eller syrinkaker, som eg kallar det og hadde huset klart om det skulle koma nokon innom.  Eg må også nemne ei anna side ved mor. – Om vi skulle ha familiesamling eller større selskap, sa ho støtt:  «Det kan ikkje handle berre om maten, vi må ha noko som samlar oss». Sjøl bidrog ho med diktlesing, pianospel eller songar på  ark vi delte.

Simenstad_ sommer,bord og gjester

Draumane mine

Ein stor draum for meg var også det å bli mor. Det tok si tid, men heldigvis fekk vi Peder. Han har bestemt seg for å ha framtida si på Simenstad. For ein ung mann som skal overta ein gard og gjestetrafikk,  er det mykje kompetanse han må innom, både teoretisk og håndbåren kunnskap. Heldigvis har han valgt ei utdanning som vil vera høgst relevant. Han har studert reiseliv og kulturminneforvaltning i Trondheim. Det han har lært her kjem godt med når han skal ha ansvar for garden og for gjestetrafikken,

Håper du har likt å lesa biografien min. Sjøl er eg veldig glad i biografiar og tykkjer at alle liv er interessant å høyre om. Om eg skal oppsummere, vil eg trekkje fram at eg har stått på hardt, men har vore så heldig å drive med det eg har likt og har fått vore i verdiane mine. Saman med Gisle fekk eg ei livsoppgåve og  her har eg fått brukt kjærleiken til gamle hus, mat og fellesskap.

Julekole, vertinne, Simenstad gard

Eg har fått kjøkkenet eg ønskte meg, får vera husfrue, og saman med mine flinke hjelpere arrangerer vi alt frå store ball med høg glamourfaktor til enklare bakaromnsmåltid i det rustikke bryggerhuset. Alle arrangement blir skreddarsydd, dei er håndbroderte og kan ikkje berre trokles ihop i ein fei. Eg får brukt erfaringa mi. Svenneprøva tok eg i 1986 da eg organiserte vårt eige store bryllup på Sygard Grytting. Notatane frå den gongen vart tatt vare på, og nevøen min Halvor Grytting brukte listene mine som mal da han skulle gifte seg med Siri i 2018.

Eg er så heldig at eg har fått realisere alle dei store draumane mine, og på Simenstad skal eg vera til min døyand dag!